mandag 16. mars 2009

Fotballkamp på Uhuru Stadion

På torsdag va eg(Gunn) på fotballkamp på Uhuru Stadion her i Dar es Salaam. Den er ein stor(større enn Ullevål) og flott stadion litt utanfor Dar, som er bygd av kinesarar. Kina og Tanzania har eit ganske nært forhold, er faktisk ikkje så lenge sidan den kinesiske presidenten var her i Dar på besøk. Kampen var mellom Simba, som er eit av dei største fotball-laga her i Tanzania, og Vancover fotball team. Kampen begynte bra for begge lag, og Vancover scora etter berre nokre minutta, men så byrja dei(Vancover) å bli sterkt prega av at dei ikkje var vant til varmen. Dei hadde stort sett, resten av fyrste omgang, nok med å forsvara seg mot tanzanianarane sine angrep. Stillingen til pause var 1-1.

I andre omgang skya da meir over, slik at Vancover klarte å koma seg litt meir med i kampen. Dei fekk eit mål til, og vant 2-1 over Simba, kanskje ikkje veldi fortent, men... Var ein del tilskodarar, som absolutt var engasjerte i kampen og gav uttrykk for da! Å gå på fotballkamp her er absolutt noko som ein må ha med seg når ein er i Dar. Anbefalast på da sterkaste=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar