søndag 8. mars 2009

Tur til Morogoro

I helga har eg, Lene og Maura(ei av dei amerikanske som me bur med) vore ein tur i Morogoro, som ligg ca tre tima med buss aust for Dar es Salaam. Å reisa med buss her i Tanzania er ein opplevelse i seg sjølv, og ein får då verkjeleg forståelse for kvifor da er so mangen bilulukke her. Da føltest som om bussen var ca 50% i sitt kjørefelt og 50% i motsett kjørefelt for å kjøra forbi andre, og hadde stort sett altfor høg fart! Me satt ganske langt bak i bussen og kunne ikkje sjå fram, noko som kanskje var lika greit. Eg var redd nok frå der eg satt... Men men da gjekk fint, me kom heile både fram og tilbake.

Då me kom fram til buss-stasjonen i Morogoro, stod der ganske mangen taxi-sjåføra klar og venta på bussen, og dei kasta seg over oss tre mzunguane med ein gong me kom oss ut av bussen. Etter å ha ropt "hapana asante" ein del gonga, begynte nokon å slappa litt meir av. Må såg oss ut ein drosjesjåfør som stod i ro å venta lengre bak, som fekk turen med oss tre til hotellet. (Må lønna seg å ikkje vera påtrengande...) Me leigde oss inn på Morogoro Hotell, og traff der Kristoffer og Bjørn som er to fysioterapi studentar frå HIB som hadde same intro veka som oss. Veldi kjekt. Slappa av litt om ettermiddagen, og om kvelden gjekk me ut med dei og åt middag +++. Traff og der nokre studentar frå HIO. E allti kjekt å høyra andre sine Tanzania-erfaringar=)

Etter ei god natts søvn og ein hotell frukost som ikkje svarte heilt til forventningane, gjekk me å la oss med bassenget på hotellet ei stond, men måtte ta bussen tilbake til Dar es Salaam i to tida, for hadde ein middag avtale på kvelden. Brukte same drosjesjåfør som dagen før, og fiksa oss billetta på plassen. Litt kaotisk når me kom der, men fekk billetta ganske kjapt og kom oss på bussen. Turen tilbake var enda verre enn turen dertil med tanke på kjøringa, hadde ein vanvitti fart, og va gla eg ikkje kunne sjå fram kva som eigentleg skjedde!!! Då me kom til Dar es Salaam, hadde me bestillt ein drosje som stod å venta på oss. Deiligt å berre kunna gå forbi alle dei innpåslitne drosjesjåførane og berre hoppa inn i ein ventande bil=).

Alt i alt so va da ein fin tur. Deiligt å komma seg litt ut av Dar til ein litt rolegare plass med ein litt meir behageleg temperatur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar